Eksamen norsk - prosessorientert skriving

Som kjent attendefører ein ordninga med 2 heile eksamensdagar i norskfaget. I høve dette er det kome spørsmål om ein igjen kan nytta prosessorientert skrivemetode på eksamensdagane.
Etter kunngjeringa om attendeinnføring av ordninga med to eksamensdagar i norsk i grunnskulen, er det kome spørsmål om den prosessorienterte arbeidsmåten igjen kan nyttast ved norskeksamen til våren. Svaret er nei. Grunngjevinga for dette er m.a. at det ikkje er tillate med kommunikasjon på eksamensdagen.
Vi vil elles minna om:
  • Førebuingsdag 7. mai: Av førebuingsmateriellet vil det gå fram kva dag elevane skal skriva saksprega tekst og kva dag dei skal skriva skjønnlitterær tekst. Elevane får oppgjeve eitt tema som vil vera utgangspunkt for eksamensoppgåvene.
  • Eksamensdagar: norsk hovudmål 8. mai og norsk sidemål 11. mai. Det vil vera oppgåver til val begge dagar.
  • Elevar som er fritekne for vurdering i sidemål skriv på hovudmålet sitt begge dagar.