Aktuelt

Er du lærar og vil bli sensor i skriftlege fag i grunnskulen ?

Eksamensordninga i grunnskulen og i vidaregåande skule utviklar seg stendig, og set krav til lærarar som skal vurdera elevane sine oppgåvesvar.
Les meir »   11.01.08 kl. 18:26

Auke i timetalet - justert læreplan i norsk

Bakgrunnen for endringane i norskplanen er behovet for å styrka leseopplæringa og tydleggjera utvikling av lesetame og lesestrategiar i grunnskulen. Frå inneverande skuleår blir norskfaget styrka med to veketimar på barnetrinnet. Planen gjeld frå no av.
Les meir »   25.08.08 kl. 17:09

Næringslivet klagar på datakunnskapen

Norsk næringsliv tykker svært mange tilsette har for dårleg kompetanse i bruk av datamaskinen på jobben. Dette bør betrast, seier dei. Grunnskulen kan vera med å retta på dette.
Les meir »   25.08.08 kl. 12:17

Ny ordning for eksamen i matematikk (10. årstrinn) + eksempeloppgåve

Våren 2009 vil ei ny ordning for sentralt gitt eksamen i MAT0010 Matematikk bli innførd. Utdanningsdirektoratet har vedteke denne endringa på bakgrunn av attendemeldinger og erfaringar med eksempeloppgåva og eksamen våren 2008, både i grunnskulen og i vgs
Les meir »   15.08.08 kl. 14:08

Skjerpa krav til kompetanse for lærarar

1. august 2008 trådte endringar i kompetansekrav til lærarar og endring av godskrivingsreglane for fagopplæring i kraft. Det tyder at kommunane må sjå nærare på tilsetjingane dei gjer i skuleverket.
Les meir »   14.08.08 kl. 13:30

Rektorutdanning - nasjonal satsing

I Stortingsmeld. 31 - Kvalitet i skolen, varslar Kunnskapsdepartementet at det skal opprettast ei skuleleiarutdanning for nytilsette rektorar og andre rektorar som mangler slik utdanning.
Les meir »   14.08.08 kl. 13:22

Er du lærar og tenker på vidareutdanning ? Mulighetene er her....

Kvinnherad kommune har nedfelt prioriterte etter- og vidareutdanningsretningar. Det er også sett av stønadsmidlar, og kriteriar for tildeling av desse. I statsbudsjettet for inneverande år, er det løyvd auke i overføringane til kommunane. Sjå under
Les meir »   22.07.08 kl. 14:25

For deg som er ny på skulen og heimen din

Kvinnherad kommune har laga eit dokument om overgangen mellom barnehage og skule. Det same har sentrale organ gjort. Vel møtt til eit nytt skule- og barnehageår !
Les meir »   15.07.08 kl. 22:57

Avgangselevar har prestert

Nok eit kull med 10-klassingar frå Kvinnherad har avslutta 10 år med grunnskuleutdanning. Kvinnherad kommune vil ynskja dei lukka til på ferda vidare i livet. Eksamensresultata deira finn ein under "Statistikk".
21.06.08 kl. 13:16

Søknad om skuleskyss - Skuleåret 2008-2009

Eiga internettside for skuleskyss er laga på "Oppvekst" si side. Sjå menyen over, under "Skuleskyss".
Les meir »   04.06.08 kl. 14:38

Stor internasjonal gransking IKT - undervisning - SITES

Norske skular har god tilgang til IKT-utstyr....? Betre læring...? Betre måloppnåing..? Les meir om denne store granskinga. Interessant lesnad......
Les meir »   23.05.08 kl. 17:13

Alt nytt frå Udir finn du her

Alt nytt frå Udir finn du her

Å vera oppdatert i faget vårt er viktig. Ein viktig premissleverandør for kåra i undervisningssektoren er Utdanningsdirektoratet.
Les meir »   13.03.08 kl. 16:58

Nasjonale prøvar i 2008

Nasjonale prøvar i 2008

Også i 2008 vil det bli avvikla nasjonale prøvar. Det er 5. og 8. årstrinn som skal gjennomføra prøvane. Ei eiga side for nasjonale prøvar er etablert på "Oppvekst". Her vil lokale, organisatoriske detaljar bli lagt ut.
Les meir »   25.02.08 kl. 09:48

Skuleruta

Skuleruta for 2009/2010 er vedteken.
Les meir »   18.02.08 kl. 19:32

Meir timar til undervisning i 1. - 4. klassetrinn

Vedtekne fag- og timebyteplanar for grunnskulen

Frå hausten 2008 vil elevar i 1. - 4. klasse få meir undervisning. Stortinget har i alt løyvd 5 klokketimar meir undervisning til elevane i desse aldersguppene.
Les meir »   11.02.08 kl. 18:11

RSS