"KAKEOPPSKRIFT" for installering av LIKT på lokal pc (harddisk)
Oppskrifta blir også lagt ut på "Oppvekst" si heimeside......
Eg lagar her ei lita oppskrift på korleis du installerer LIKT på ein lokal pc.
Dette gjeld for skular som ikkje har eigen server. M.a.o. så kan alle skular som har "sjølvstendige" lærarpc'ar og elevpc'ar gjera dette:
1)
Legg LIKT-CD inn i cd-stasjonen på maskinen.
2)
Starta Explorer (Filbehandlar). Dette kan du t.d. gjera ved å klikka med høgre mustast på START-knappen på skrivebordet ditt (Grøn knapp nede i venstre hyrna på skjermen)
3)
I mappestrukturen til venstre i filbehandlaren står det ein stad C: (lokal disk). Klikk på denne linja
Trykk deretter på høgre biletflate, med høgre mustast, deretter Ny, deretter Mappe.
Kalla mappa du lagar for LIKT.
2.
Finn cd-stasjonen i mappestrukturen (D:), klikk på denne.
3.
Til høgre vil alle filene på LIKT-cd'en bli opplista. Klikk eitt klikk i høgre del av skjemen
4.
Trykk CTRL+A på tastaturet. Alle LIKT-filene på CD-plata blir no markerte.
Trykk derette CTRL+C på tastaturet. Alle filen blei no kopiert
5.
Dobbelklikk på LIKT-mappa til venstre i filbehandlaren, slik at denne mappa opnar seg til høgre i biletet.
Klikk eit klikk på høgre biletflate. Trykk deretter CTRL + V på tastaturet.
No kopierer datamaskinen alle LIKT-filene frå CD-plata og over til din pc.
6.)
Du vil sjå at inni LIKT-mappa er det ei fil som heiter Autorun. Klikk på denne, og LIKT startar opp.
Voila ! Du er i gang med LIKT !!!!!!
NB!
Du kan høgreklikka dette ikonet, og deretter klikka "Lag snarvei". Det lagar seg eit ikon i LIKT-mappa, med ei svart pil på. Dette ikonet kan du kopiera over til skrivebordet. Ved å klikka på dette skrivebordsikonet, så vil du koma rett inn i LIKT.